Me har gode vekstforhold for frukt i Ryfylke. Trea trivst godt nær sjøen i lune fjordarmar. Varme dagar og kjølege netter gir god farge, sødme og ein heilt spesielt god smak på frukta me dyrkar på Fuglestein Fruktgard. På Fuglestein Fruktgard har trea røter i lange tradisjonar, men er planta berekraftig og moderne, med tanke på framtida.
Du kan kjøpe våre lokale produkter hos LOMA og hos Fuglestein Gardsutsal.
«Eg har så mange idear om kva eg vil gjere med eplene våre. Eg trur aldri me kjem til å gå tom for prosjekter.»
Jon Anders Fuglestein